Regjeringa vil i landbruksmeldinga styrka det regionale ansvaret, gjennom å legga til rette for at midlane til næringsutvikling i større grad vert disponert lokalt. For å oppnå dette skal det opprettast Regionalt bygdeutviklingsprogram (RBU) og fylkesmannen er sett til å leia dette arbeidet.                                      Foto: Åse Vaag

Arbeidsgruppe sau hadde sitt første møte mandag og tirsdag denne veka. Frå HSG deltok Steinar Steine og Nils Inge Hitland. Nestleiar i HSG, Reidar Kallestad møtte for Hordaland Bondelag og sekretæren vår, Karulf Håkull for Nortura. Vi vil retta ein takk til Fylkesmannen si landbruksavdeling for arbeidet som er sett igang. I samtalane vi hadde på møtet var det stor semje om at satsing på sauen i fylket vårt er viktig for å kunna auka matproduksjonen, oppretthalda kulturlandskapet og ikkje minst utnytta dei naturgjevne fordelane vi har i utmarksbeita våre, lite rovvilttap og mykje godt fjellbeite.

For meir informasjon sjå: http://fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=1169&amid=3577712