Hordaland Sau og Geit, høyringsuttale til revisjon av lagslovene i NSG
Klart fleirtal for lågare medlemskontigent for dei minste besetningane, då årsmøtet handsama styret sitt forslag til høyringsuttale i helga.
Lagslovene skal opp til handsaming på landsmøtet i NSG 18-19. mars. HSG tilrår at medlemmar med mindre enn 25 v.f.sau får lågare medlemskontigent. Snittbuskapen i Hordaland er på vel 50 v.f. sau og vi er avhengige av størst mogleg oppsluttnad om organisasjonen vår. Då må vi og ha med dei minste besetningane.
Anita Jordalen og Egil Øvstebø fekk gåver og takk for innsatsen i styret i HSG på årsmøtet i helga.