Hordaland Sau og Geit inviterer til fagtur m/julebord
Laurdag 17. desember går turen til Flåsbrygga Hotell i Flåm der det vert julebord. Det vert faginnslag og besøk som legg grunnlaget for ei triveleg helg ilag med andre saueinteresserte. Det er no klart for påmelding.
Det vil bli sett opp buss etter kor mange som melder seg på turen. (Sjå program og bussrute.) Vi møtest til lunsj på hotellet kl. 13.00. Etter lunsj skal vi vitja to sauebruk i Flåm/Aurland. Vi treng oversikt over kor mange som skal vera med på gardsbesøka p.g.a. transporten. Gje melding om dette, og om du skal vera med på ølsmaking når du melder deg på.
For dei som vil ha sosialt og fagleg påfyll, er det berre å setja av helga 17-18. desember.
Prisar:
Lunsj laurdag, overnatting m/frukost i dobbeltrom, aperitiff og julebord kr 1.510,- pr. person
Lunsj laurdag, overnatting m/frukost i enkeltrom, aperitiff og julebord kr 1.805,- pr. person
Ikkje overnatting, lunsj laurdag, aperitiff og julebord kr. 850.- pr. person
Presentasjon og ølsmaking, kr 245,- pr. person, (Min.15 pers.)
Påmelding innan onsdag 30. november til: Kjetil Rødland, e-post kjetil.rodland@tverberg.com eller kroedlan@online.no
Tlf.: 911 79 771 eller 926 22 649.
For dei som melder seg på pr. e-post trekk vi ein heldig vinnar, som får turen til halv pris, av dei som har rett svar på oppgåva under. Kven er dei to som gøymer seg bak nissen?