Bilete frå eit av Nortura sine visningsfjøs.

Det vil bli sett opp bussar etter kor mange som melder seg på turen. Ramma for fagturen er ankomst til Rica Maritim Haugesund ca kl 12.00 laurdag 17. desember. For dei som vil vera med på gardsbesøk går turen vidare med buss til 2 nye fjøsar der vi får omvisning og orientering om drift og byggløysingar. Vi er tilbake på hotellet ca kl 17.00 og frå kl 19.00 vert det julebord, denne gongen med dans.

Søndag vert det heimreise med buss. Fylkeslaget sponsar bussturen.

For dei som vil vera med på "ein gilde tur" er det berre å setta av helga 17-18. desember.

Prisar

Overnatting m/frukost i dobbeltrom og julebord kr 940,- pr person

Overnatting m/frukost i enkeltrom og julebord kr 1355,- pr person

Påmelding innan 20. november til: HSG v/Grethe Helgesen tlf nr 55362132/mobil 90958223

E-post: grethe.helgesen@nortura.no

Helsing styret i HSG