Det vil bli sett opp bussar etter kor mange som melder seg på turen. Ramma for fagturen er ikkje heilt spikra enno, og vi kjem attende med detaljert program. Vi er framme på hotellet ca kl 12.00 og frå kl 19.00 vert det julebord, med underhaldning og dans.

Vi har fått spesialpris i Voss Vindtunell, og for dei som vil "flyga" er dette eit av alternativa på Voss denne ettermiddagen. Pris pr person kr 600,-. Før opp dette når du melder deg på, dersom du er ein av dei som vil vera med på denne "oppturen". Sjå frå vindtunellen her.

For dei som vil ha sosialt og fagleg påfyll, er det berre å setta av helga 20-21. desember.

Prisar

For dei som ikkje treng overnatting: lunsj lørdag kr 325,- og julabord kr 495,-

Lunch, overnatting m/frukost i dobbeltrom og julebord kr 1850,- pr person

Lunch, overnatting m/frukost i enkeltrom og julebord kr 2050,- pr person

Påmelding innan onsdag 3. desember til: HSG v/Nils Inge Hitland, e-post: nils.inge@salmongroup.no  eller mobil nr 913 07 371.

For dei som melder seg på pr e-post, trekk vi ein heldig vinnar som får halv pris på turen, av dei som sender inn rett svar på oppgåva under. Kven gøymer seg bak nissen?

Helsing styret i HSG