Det vil bli sett opp bussar etter kor mange som melder seg på turen. Ramma for fagturen er ikkje heilt spikra enno, men det vert lunch i Granvin og besøk på Hardanger Saft- og Siderfabrikk laurdag 15. desember.  Vi er framme på hotellet ca kl 16.00 og frå kl 19.00 vert det julebord, med dans. Kl 16.30 inviterer hotellet på julequiz der beste lag får premie med lokalt preg. 

For meir info om Brakanes Hotel gå til heimesida deira http://www.brakanes-hotel.no/

Søndag vert det heimreise med buss. Fylkeslaget sponsar bussturen.

For dei som vil ha sosialt og fagleg påfyll, er det berre å setta av helga 15-16. desember.

Prisar

Lunch, overnatting m/frukost i dobbeltrom og julebord kr 1850,- pr person

Lunch, overnatting m/frukost i enkeltrom og julebord kr 2180,- pr person

Påmelding innan 20. november til: HSG v/Grethe Helgesen mobil 90958223 eller

E-post: grethe.helgesen@nortura.no

For dei som melder seg på pr e-post, trekk vi ein heldig vinnar som får halv pris på turen, av dei som sender inn rett svar på oppgåva under.

Helsing styret i HSG

Kven gøymer seg bak nissen?