Flåtten er mest aktiv tidleg sommar og tidleg haust. Verlam som no kjem heim frå fjellbeite er difor svært utsett for flått. Flått kan vera berar av sjodoggbakterien. Sjodogg vil gje lamma høg feber i inntil 10 dagar. For verlam som er kjønsmodne vil dette føra til sæd av dårleg kvalitet i perioden 14 dagar etter sjukdomsutbrotet og i inntil åtte veker.

For verlam som skal inn i avlen vil såleis sjodogg vera øydeleggande då veren ikkje vil "virka" i heile, eller delar av paringstida. Set difor verlamma inn og gje dei behandling mot flått, før dei vert sleppte på heimebeite.

For meir info om flått, sjodogg og tilstandar som påverkar veren i paringstida gå inn på:  Veterinærinstituttet.