Infomøte om nye reglar for køyre- og kviletid òg for dyrebilsjåførar

 

Nye reglar for køyre- og kviletid for lastebilsjåførar kan bety noko for beitenæringa som ofte sankar dyra på same tid fleire plassar i fylket. Nortura, Hordaland Sau og Geit og Fylkesmannen i Vestland vil informere og diskutere med næringa moglege løysingar og korleis ein kan tilpasse desse reglane.

 

Vi har sett opp ein liten møteserie på dette temaet som vi håpar i alle fall nokon frå alle beitelaga kan stille på og som då kan ta dette vidare i laget. Slik at næringa er best mogleg førebudd på sanketida og transport til slakteri eller heim til garden.

 

Møta finn stad:

25. juni: Felleskjøpet Haukås, Åsane kl. 18.30-20.30

26. juni: Kommunehuset Voss kl. 18.30-20.30

27. juni: Kommunehuset Odda kl. 18.30-20.30

Enkel servering.

 

For spørsmål:

Karluf Haakull (mob. 971 65 537) eller Kari Elsa des Bouvrie (mob. 458 50 058)