Om tilskot til tiltak i beiteområde

Formålet med tilskotet er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Tilskot kan søkjast av lag eller foreiningar som driv med beitedrift og som skal investere i felles investeringstiltak og/eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekt i beiteområde. Det er berre organiserte beitelag som kan søkje på dette tilskotet. Beitelag må bestå av minst to/tre medlemmer som har dyr på utmarksbeite. Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beitebruken i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære. Tiltaka vert for det meste prioritert som før. Her nemner vi nokre tiltak som kan vere aktuelle for tilskot.

  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Bruer dimensjonert for dyr og folk
  • Sikring av skårfeste
  • Gjetarhytter/sankehytter
  • Diverse andre investeringar som saltsteinsautomatar og elektronisk overvakingsutstyr.

Søknad

Beitelag sender søknad om tilskot til sin beitekommune.
Søknadsfrist 15. mars 2017. Du finn søknadsskjema her. Hugs naudsynte vedlegg, som kart mm. Kommunen sender søknaden vidare til fylkesmannens landbruksavdeling saman med sin uttale innan 1. april. Fylkesmannen handsamer søknadene snarleg i samråd med Beiteutvalet, og svar kan ventast i månadskifte april mai.