Investeringsmidlar til tiltak i beiteområde 2019  

Fylkesmannen i Vestland lyser med dette ut investeringsmidlar til tiltak i beiteområde for 2019. Totalt er ramma på kr. 2 300 000,-.

Søknadsfrist er 1. mars.

Om tilskot til tiltak i beiteområde

Formålet med tilskotet er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda.

Midlane skal forvaltast i tråd med Forskrift om tilskudd til tiltak i beiteområder (FOR-2013-02-04-206). Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beiting i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære. Døme på aktuelle tiltak:

  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Bruer dimensjonert for dyr og folk
  • Sperregjerder for å sikre at dyr ikkje kjem over i farleg område
  • Gjetarhytter/sankehytter
  • Elektronisk overvakingsutstyr

Prioriteringar for 2019

  • Investeringar i teknologi knytt til beitebruk
  • Faste installasjonar og kostnadskrevjande investeringar

 

Rettleiande timesatsar for eige arbeid 2019:

  • Manuelt utført eige arbeid (inkl. motorsag o.l): 350 kr/time
  • Bruk av traktor : 600 kr/time
  • Gravemaskin: 800kr/time (eller etter rekning)

Tilskotssatsen vert tilpassa søknadsmengda.

Søknad

Beitelag sender søknad om tilskot til kommunen.
Søknadsfrist 1. mars 2019. Du finn søknadsskjema
her. Hugs naudsynte vedlegg, som kart og løyver mm. Kommunen sender søknaden vidare til fylkesmannens landbruksavdeling saman med sin uttale innan 22. mars.

 

Kontakt

 

Randi Erdal og Kari des Bouvrie