Julebord
Det er forstatt nokre få plassar igjen om ein ønske å verme på julebord. Det er allerede 80 påmeldte, så her må ein vera rask. Legge ved opplegg for dagen. Det vert tur til Skår. Her har dei nytt sauefjos og dei driv med gardsutsalg og vidareforedlig av sau og lam.
Fagprogram lørdag 14 des. Etter lunch på Fleitcher, tar me buss til Skår. ( Ca 15 min med buss)
Bussen går frå hotellet kl 14.15.
Der besøker me Aslaug, Steinar og Harald Skår som driv med sau, foredling og salg av sau/lam, under namnet Ekta Skåramat.
Me tek sikte på å vere tilbake på hotellet til kl 16.00 - 16.30.
Det er ynskjeleg å få ei påmelding til denna turen, pga tinging av buss.
Tilbakemelding kan sendast til Kjetil Rødland på kjetil.rodland@tverberg.com