26.september var det Kåringssjå på Solberg på Osterøy. Arrangementet var eit samarbeid mellom laga i regionen; Bergen, Os, Åsane, Askøy, Sotra og Osterøy Sau og Geit. Det var 26 utstillarar som stilte lam av rasane NKS, Sjeviot, Blæset, Suffolk, Gammelnorsk Spæl, Kvit og Farga Spel. Det var 125 lam totalt og av desse vart 120 lam kåra. Dommarar var Olav Solheim, Ove Holmås og Kristina Jordalen.

 

Resultat beste lam:

Rase

Nummer

Poeng

Eigar

NKS

202151046

170

Else Marie Andersen

Sjeviot

202150981

159

Gunnar Krokås

Farga Spel

202151023

165

Jan Sigurd Thommassen

Kvit Spel

202150993

150

Mons Kjetil Vevle

Suffolk

202150964

36

Gisle Fjereide

GNS

202150988 

35

Jonas Vevle

Blæset

202150969

45

Nils Martin Eide

 

Arrangementet vart ein folkefest i strålande haustver med folk i alle aldrar. Koronarestriksjonane var oppheva dagen i forkant, slik at alt låg til rette for eit arrangement med publikum, og folk og fe side om side slik me likar det. Den lokale pølsefabrikken hadde salg av førsteklasses lammepølser og andre godsaker.

Me vil takka samarbeidspartnarar for bidrag til årets arrangement. Me vil takka Solberg Mekaniske, System Trafikk, Felleskjøpet, Lobas, Gardbrukerservice, Nortura, Fjøssystemer, Vevle Mekaniske Verkstad, XL-Bygg, Tysse Mek, EIK senteret, Nesse Maskin, Moen Bjøllefabrikk, Os ID, og Fatland for flotte gåvepremiar til utstillarane. Å få gåvepremie på dei beste lamma sett utstillarane stor pris på!
 

Mvh Janne Seilen 

Osterøy Sau og Geit