Kåringsjå Osterøy
Her kjem bilder og tekst av kåringsdagen på Osterøy, insendt av Audun Seilen.
Er det fleire lag som har bilder, eventuelt tekst kan dei senda det til oddmundhildal@hotmail.com.
Kåringssjå på Osterøy i fint haustver.
Bergen, Os, Åsane, Askøy, Sotra og Osterøy samarbeider om det årlige kåringssjået. Fokus på smittevern for å sikra at ein ikkje spreier Covid 19 smitte.
29 utstillere møtte med til saman 128 lam som skulle saumfarast av dommarane. Dommarane var fordelt på to lag, Mons Kjetil og Marius på det eine og Simen og Kato på det andre. Sju forskjellige raser var representert. Nks, Kvit spel, Farga spel, Sjeviot, Rygja, Suffolk og Bles. Var generelt god kvalitet på lamma.
Den lokale pølsefabrikken med egen pølsebu hadde rigga opp litt utanfor og solgte lammepølser og andre godbiter. Gode sponsorer hadde sikra at dei beste kunne premierast. Takk til alle involverte som bidrog til at dette vart eit vellukka kåringssjå.