Kåringsjået på Askøy vart ein publikumstreffar med meir enn 2000 besøkande. Askøy Sau og Geit hadde annonsert i lokalpressa, været var strålande og i tillegg til sjølve kåringa var de ymse aktivitetar for publikum, m.a. ponniridning. Ove Holmås, som var ein av domarane på sjået fekk ordførar i Askøy, Siv Høgtun med seg og dømde lam. Dette gjekk strålande heilt til turen kom til sjekk av pungen. Då sto ho over. Det stillte 84 lam til kåring og av desse vart 78 lam kåra. Gratulerer med eit flott arrangement der vi får vist fram næringa vår på ein positiv måte.

PC-kårar Karluf Håkull i samtale med ordførar Siv Høgtun. Domarar Trygve Glesnes og Ove Holmås fortel ordføraren kva døming av verlam går ut på. Under ser vi annonsa som stod i lokalavisa.