Frå Hordaland kom Sander Hindenes med Gael til finalen. Dei kom på andre plass fredag med 169 poeng.

Her finn du startlista for finalen søndag.

På bilde under ser vi sekretariatet, som i lag med resten av dugnadsgjengen gjer ein fantastisk innsats. Marianne Byrkjeland til hørge på bilde, fekk ei god plassering lørdag, men ikkje god nok til finaleplass.

Villsauene som vert brukt vert handtert på beste måte på andre sida av bana. På bilde under ser vi to av dei merka med Kari Traa-bøff før dei vert kjøyrt fram til utsetjing.

Her er dei samme sauene i ferd med å verta utsatt, klar for neste deltakar.

Vi ser inn til området der domarane og publikum føl konkurransen.

Så langt har arrangementet gått knirkefritt i eit strålande haustver. På bilde under ser vi leiar i gjetarhundnemda i HSG og ansvarleg for gjennomføringa av NM, Audun Seilen til venstre, og Dag Laupsa-Borge som arbeider i gjengen som har med utsetjinga av sau å gjera.

.

Til dei som ikkje allereide er i Myrkdalen, kom og sjå finalen i morgon søndag.