Kva gjer ein viss ein mistenkjer tap til freda rovvilt?
Det viktigaste ein må tenkje på når ein mistenkjer tap husdyr til freda rovvilt er dokumentasjon. Det er heilt sentralt for utmåling av erstatning for husdyr drepne av freda rovvilt. Statens naturoppsyn (SNO) utførar dokumentasjonsarbeid, medan Fylkesmannen handsamar erstatnings- og skadefellingssøknadar.
Det er eit vilkår for å få full erstatning at dyreeigar melder inn til Statens naturoppsyn straks eit tap- eller skadetilfelle vert oppdaga. Dei lokale rovviltkontaktane utfører kadaver-undersøkingane utan kostnad for dyreeigar.
Finn du sau som du mistenkjer er drepen av rovdyr:
- Ta bilete.
- Dekk til kadaveret og noter posisjonen/funnstaden.
- Kontakt din lokale rovviltkontakt så snart som mogleg.
Ser du spor som du mistenkjer er av freda rovvilt?
- Legg ein gjenstand som kan brukast til målestokk ved sidan av sporet.
- Ta bilete av sporet/sporrekkja.
- Send biletet til regionalt rovviltansvarleg i SNO, Rein-Arne Golf.
Rovviltkontaktar:
Navn og adresse |
Telefonnummer |
Ansvarsområde |
Andersen, Harald N. |
902 13 685 |
Hardanger m/ omland |
Dunkley, Andreas |
480 25 444 |
Nord i Rogaland og Sør i Hordaland. |
Haugen, Hartvig |
56 58 31 96 970 13 594 |
Ytre deler av Hordaland |
Slettemark, Ingmar |
56 51 54 07 957 09 271 |
Voss, Nordhordland |
Regionalt rovviltansvarleg i SNO:
- Rein Arne Golf, tlf. 480 94 364, rein-arne.golf@miljodir.no
Sakshandsamar hos Fylkesmannen:
- Jørgen Aarø, tlf. 55 57 20 46, fmhojaa@fylkesmannen.no
- For kontakt utanom arbeidstid: 900 93 615
Rovviltobservasjonar og tapsdata på nett: