Tre av dei lokale saualslaga i Nordhordland og Austrheim Landbrukskvinnelag stod for arramgementet laurdag 6. oktober. Kåringsjået med 226  lam var ein del av landbruksdagen med mange utstillarar og mykje publikum. 

Det vart kåra 211 lam av rasane NKS(115), Sjeviot(58), Spæl(26), Farga Spæl(7), Suffolk(1) og Villsau(4) Domarane har det travelt kåringsdagen. Heile 8 domarar og 1domaraspirant var i aksjon på Austrheim. Domarane sitt bidrag til saueavlen er viktig, og dei fortener ros for den store dugnadsinnsatsen dei legg ned desse vekene kvar haust. På bildet under ser vi i midten hovuddomar Kristen Risnes og til høgre Simen Skjoldal Vik i arbeid med døming av lamma til Atle Mariussen frå Radøy.

Familien Mjådtvedt Holst frå Meland stillte med lam til kåring for første gong. Dei hadde med 4 flotte villsaulam. Spaninga var stor. Korleis føregår døminga? Får vi lilla merke? Lilla merke fekk alle og lam nr 201252715 fekk lilla sløyfe med domarpoenga 9-9-9-9. Gratulerer! 

I dei andre rasane vart det og gjeve poeng som kvalifiserte til lilla sløyfe. Beste domarpoeng på NKS gjekk til Bengt Ingvard Iden og Åshild Dale frå Meland med 10-9-9-9 for lam nr 201252828 Sjeviot til Kåre Hole frå Radøy med 10-9-910 for lam nr 201252727 Spæl til Alf Angelskår frå Lindås med 9-9-9-9 for lam nr 201252896 Farga Spæl til Gunnstein Sætre frå Austrheim med 9-9-10-9-8-9-10 for lam nr 201252808

Ei viktig oppgåve for kåringsdomarane er å kvalitetsikra brukseigenskapane til lamma som skal inn i avlen. På bilde over ser vi medlemmer i Ring 154, frå venstre Egil Magnar Eidsnes, Kjetil Eriksen og Ole Johan Eidsnes som diskuterer aktuelle prøvevêrar med utgangspunkt i lista over dei aktuelle kåringskandidatane med høgast o-indeks. Summen av domarpoenga og o-indeks gjev sum kåringspoeng. Høgast poengsum innan hovudrasane som får berekna o-indeks, hadde for NKS Roald Myksvoll frå Radøy med 181 poeng på lam nr 201252782 Sjeviot Edvin Vågstøl frå Radøy med 168 poeng på lam nr 201252746 Spæl Alf Angelskår med 162 poeng på same lam som han fekk beste domarpoeng, og Thomas Risnes frå Radøy med 162 poeng på lam nr 201252824

På bilde over ser vi domarar og skrivarar som har fått velfortjente blomar for innsatsen. Domarane er frå venstre; Oddmund Hildal, Odda, Simen Skjoldal Vik, Arna, Kåre Habberstad, Bømlo, Per Martin Vatna, Stord, Olav Opheim, Voss, Eiliv Veseth, Osterøy, Olav Solheim, Kvam, Sniolvur Joanessarson, Voss og Kristen Risnes, Radøy. Med 226 dømeskjema som skulle registrerast i webkåringsprogrammet, sat PC-kårar Randi Underthun enno opptatt då bilde vart teke. Vi får håpa at ho og fekk blomar, noko ho har vel fortjent.

Bilde under viser delar av Nordhordland med frå venstre Meland, Radøy og delar av Lindås sett frå Salhusfjellet mot nord.