Maria hadde fri frå skulen denne dagen og det var ho glad for. Saman med far sin og mormor følgde ho spent med på domarane si døming av dei 8 verlamma dei hadde med seg. På bilete under ser vi Maria med lam nr 201253192 som fekk 9 poeng på ullkvalitet og ullmengd. Du kan lesa meir om Maria og sauene hennar i artikkel frå i vår.

Dei andre som stilte lam til kåring er medlemmer i ring 151 Ytre Hardanger NKS-ring. Etter å ha vore med i seminringen i fleire år gjekk dei ifjor inn i ring 151. Interessa for avlsarbeid er stor og dei stillte mange gode lam til kåring denne dagen. På bileta under ser vi til venstre Arnt Bakke med beste lam på kroppspoeng og til høgre Knut Jarle Helland med lammet som hadde beste ulla. Sistnemde hadde og lam med høgast poengsum, eit lam etter Høysak med 178 poeng.

Domarane Gunnar Lægreid og Olav Solheim var godt nøgd med kvaliteten på lamma. Av 25 slilte lam vart heile 24 kåra. Domarane og PC-kårar Gerd Skjoldal fekk gåve hjå Tysnes Sau og Geit som takk for innsatsen. På bilete under til høgre ser vi domarane i ivrig diskusjon når dei beste sløyfelamma skulle rangerast. Som vi ser fann Gerd Skjoldal og Knut Jarle Helland tonen etter at sistnemde hadde takka domarane og PC-kårar for innsatsen.