På bilete ser vi kursdeltakarane etter 2 dagar med sosialt og fagleg påfyll.  Ein flott gjeng.

Foredraga frå samlinga, finn de under menyen på venstre side, under fagstoff.

Eigar av Solstrand Hotel & Bad, Børrea Schau-Larsen kom bort til oss i ein pause og gav uttrykk for at ho sette stor pris på det arbeidet vi gjer som bønder. Som reiselivsverksemd er ho klar på at dei er heilt avhengige av eit aktivt jordbruk som tek vare på kulturlandskapet, og som produserer sunn og god mat som dei kan servera gjestene sine. Lammekjøt var ei av dei råvarene som var mest brukt på hotellet. Børrea skulle delta på ein stor reiselivskonferanse der ho skulle foredra om nettopp verdien for reiselivet med å ha eit aktivt landbruk.

Under oppsummeringa på slutten av samlinga kom det mykje positive tilbakemeldingar, og ønske om at vi føl opp med fleire samlingar framover.