Heile 106 personar er påmelde til turen. Dette er langt over det vi hadde rekna med, og sjølvsagt svært positivt. Vi har sett opp 2 bussar. Desse vil få ruter med tider:

Buss 1
Knarvik(Parkeringsplassen v/gamle BNR) kl 07.30
Frå Knarvik kl 07.45
Frå Åsane Terminal kl 08.05
Frå Danmarksplass(Busstopp v/BKK) kl 08.20
Ferje frå Halhjem kl 09.15
Til Haugesund kl 11.20
Buss 2
Lid Jarnindustri AS, Steinsdalen kl 07.15
Frå Steinsdalen kl 07.30
Frå busstopp Frøland kl 07.55
Ferje frå Halhjem kl 09.15
Frå Sandvikvåg kl 09.55
Frå busstopp Raunholm kl 10.05
Frå Jektavik  kl 10.10
Frå busstopp v/rådhuset i Leirvik sentrum kl 10.30
Frå busstopp Føyno(v/Trekantsambandet) kl 10.40
Frå Sveio kl 11.10
Til Haugesund kl 11.30

Vi har leigd busstransport av Turistbuss Bergen AS. Dei transporterer oss i flotte blå turbussar med god plass og høg komfort. http://www.turistbuss.no/

Etter innsjekk på Rica Maritim Haugesund vert det avgang med bussane kl 12.00. Då vert det besøk hjå 2 gardsbruk med sau/geit. Vi er tilbake på hotellet ca. kl 17.00.

Kl 18.30 vert det aperitif og kl 19.00 går vi til bords. Etter julebordet vert det dans og sosialt samvær.

Søndag vert det avgang frå hotellet kl 10.00 og bussane kjører same rutene heim att. Vi reknar med å vera i Knarvik ca. kl 13.30 og Steinsdalen ca. kl 13.45.

Det er framleis nokre ledige plassar, og dersom fleire vil vera med kan dei melda seg på tlf. 913 07 371 eller e-post nils.inge@salmongroup.no