Meir info om fagtur med julebord i Ulvik
Det er stor påmelding til fagturen og julebordet vi arrangerer 15-16. desember. Reisetider og program er no klart.
Heile 71 personar er påmelde til turen. Dette er ein god gjeng, og sjølvsagt svært positivt.
Vi har sett opp buss og denne vil få rute med tider:
Stord Turbuss AS | |
Frå busstopp Føyno(v/Trekantsambandet) | kl 07.30 |
Frå busstopp v/rådhuset i Leirvik sentrum | kl 07.45 |
Frå busstopp Raunholm | kl 08.05 |
Frå Sandvikvåg | kl 08.30 |
Frå Halhjem | kl 09.10 |
Frå Danmarksplass | kl 09.50 |
Frå Nortura Eidsvåg | kl 10.05 |
Frå Indre Arna | kl 10.25 |
Frå Trengereid | kl 10.40 |
Frå Voss | kl 11.35 |
Til "Løo" Øvre Granvin | kl 12.00 |
Frå "Løo" Øvre Granvin | kl 14.00 |
Til Hardanger Saft og Siderfabrikk | kl 14.30 |
Frå Hardanger Saft og Siderfabrikk, Ulvik | kl 15.40 |
Til Brakanes Hotel, Ulvik | kl 15.45 |
Vi har leigd busstransport av Stord Turbuss AS. Dei transporterer oss i flott turbuss med god plass og høg komfort. http://stordturbuss.no/ Dersom nokon vil gå på bussen andre stader enn det som er oppsett i ruta er det berre å senda meg ei melding.
I "Løo" i Øvre Granvin får vi lunsj og fagleg påfyll. Ove Holmås vil fortelja litt om fjellbeiteressursane i fylket vårt, og deira eigne erfaringar frå sitt fjellbeite.
Turen går vidare til Hardanger Saft og Siderfabrikk. Her vil Nils J Lekve visa oss rundt, fortelja om produksjonen sin og gje oss smaksprøvar. For meir info sjå http://www.hardangersider.no/index.jsp
Etter innsjekk på hotellet vert det jolaquiz kl 16.30 - 17.30 www.brakanes-hotel.no
Kl 19.00 går vi til bords. Etter maten går vi i Fjordsalongen der det vert servert kaffi avèc. Her får vi og besøk av ein kar som synest det var gildt at vi ville koma til Ulvik. Før vi løyser til dans og anna moro skal vi trekka vinnaren av "Kven gøymer seg bak nissen?"
Søndag vert det avgang frå hotellet kl 10.00 og bussen kjører same rute heim att.
Som de ser av programmet treng de denne gongen ikkje ta med kjeledress, kun godt humør, blid kjerring/mann og omtanke.
Det er framleis nokre ledige plassar, og dersom fleire vil vera med kan dei melda seg på tlf. 913 07 371 eller e-post nils.inge@salmongroup.no