Etter fylkesvis kvalifisering og uttak, melder fylka på det antall dei har kvote på.  Konkurransen starter med  innleiande rundar fredag og laurdag, med 45 startande kvar dag. Dei 8 beste frå kvar dag går så vidare til finale søndag. 

Både bane og sau var krevjande så førar og hund fekk ingenting gratis. Til å dømma hadde arrangøren henta inn to gode dommarar. Trygve Høynes frå Karmøy og Andy Carnegie frå Comrie i Skottland. Begge gjorde ein strålande jobb med rettferdig og god dømming.   

Karin Mattsson med hunden Trim kunne til slutt jubla over å ha vunne finalen og vart dermed årets norgesmeister. Ho bur i  Alvdal og  representerer Hedmark. Gratulera til ein verdig vinnar!

Hordaland hadde i år ein kvote på 9 hundar. Dei som starta var Sander Hindenes med Gael og Marco, Martin Andrè Helgesen med Prada,  Stein B. Dalland med Jock og Mist,  Sindre Hindenes med Lexie, Martin Heggelund med Ine, Kåre Marøy med Dave og Audun Seilen med Maid.

Målet var å få alle gjennom utan brudd og så høgt på lista som mulig.  Alle gjorde gode løp under kvalifiseringa. Når innleiande rundar var ferdig hadde Sander med Gael og Stein med Mist,  sikra seg plass i søndagens finale. Der enda til slutt Sander med Gael på 7 plass og Stein med Mist på 8 plass.

Snitt resultat pr fylke bestemmer neste års kvote. Hordaland kom til slutt ut som 6 beste fylke og beheldt dermed dei 9 plassane me hadde.

Det gror godt i gjetarhundmiljøet i Hordaland for tida. Dette gjev konkurranse om plassane og vil dermed òg sikra at det er gode ambassadørar som reiser for å representera fylket.

Så litt om kvar enkelt som representerte Hordaland.


Sander Hindenes og Gael. Gael er 5 år. Er fødd hjå Sander og trent av Sander.


Sander Hindenes og Marco. Marko er 2,5 år. Er fødd hjå Sander og trent av Sander.


Martin Andrè Helgesen og Prada. Prada er 4,5 år, trent av Martin frå ho var unghund.


Stein Birger Dalland og Jock. Jock er 11,5 år. Kjøpt frå Wales i 2008.


Stein Birger Dalland og Mist. Mist er 7 år. Kjøpt frå Skottland i 2012.


Martin Heggelund og Ine. Ine er 6 år. Trent opp av Martin frå ho var kvalp.

 


Sindre Hindenes og Lexie. Lexie er 3 år og trent av Sindre frå ho var kvalp.


Kåre Marøy og Dave. Dave er 5 år, kjøpt frå Skottland i 2012.


Audun Seilen og Maid. Maid er 4 år. Kjøpt frå Skottland i 2013.