Norges største kåringsjå
Med ein flott auke i år til 288 lam frå 246 i fjor, er dette mest sannsynleg det største kåringsjået i landet
Sjået var ein del av Landbruksdagen i Austrheim. Med vel 2300 besøkande vart det ein flott dag. Pressa var og på plass og her er link til nokre av oppslaga: BT: Her overlever kun den sterkeste Strilen: Fekk innblikk i norsk landbruk Nordhordland: Sjå bilete frå landbruksdagen i Austrheim
Ein flott flokk med NKS-lam
Johannes Kartveit føl spent med medan domarane Gisle Fjæreide og Cato Hilleren studerer ulla. Johannes hadde lammet med høgste poengsum. 177 poeng. Med 176 poeng kom lamma til Egil Magnar Eidsnes og Marit og Odd Totland på delt andreplass.
Henrik Steinsund med flotte Sjeviotlam. Dessverre hadde 4 av 6 lam etter importsæd frå Storbritania marg i ulla, og er dermed ikkje aktuelle for innsett som prøveverar i ringen.