NRK P1 si morgonsending sender frå sauefjøs fredag 19. april kl 06.00-09.00
NRK Hordaland flytter morgonsendinga si frå studio i Bergen til sauefjøset til Magnar Stien på Askøy denne fredagen
Programleiarane Siv Fossåskaret og Anders Ekanger ville oppleva lamming, og slik vart det til at dei har heile morgonsendinga si denne fredagen frå sauefjøsen nord på Askøy.
Du kan følga sendinga på NRK P1 i radioen, eller på nett: http://radio.nrk.no/direkte/p1_hordaland
frå kl 06.00 til 09.00 fredag 19. april.
På bilde ser vi sauane til Magnar Stien for nokre år sidan, beita på frodig gras i sjøkanten.
