Dette betyr at Hordaland og Sogn & Fjordane, som er Region Vest, bytter på å arrangere desse prøvane. Gjetarhundnemda i Hordaland og Sogn & Fjordane Gjetarhundnemd hadde teamsmøte onsdag 29.mars og diskuterte litt rundt dette, og etter nokre dagar i tenkeboksen, sa Sogn & Fjordane at dei ville arrangere Nursery kvalifisering i år.

Helga 21 - 22. oktober vert prøven arrangert i Olden. 

Påmelding vil verta likt som ved påmelding til landsprøvane, via NSG, men det er viktig å melda seg på til rett prøve. Informasjon rundt prøvane vil NSG leggje ut slik som før.

NB! Dei frå Hordaland som er tilknytta Haugaland Gjetarhundlag, vil få dispensasjon frå NSG til å melda seg på i Rogaland, då det er deira lag som skal arrangere prøven der. Dette gjeld KUN for 2023.

Tar med heilt til slutt at 2023 er eit prøveår for denne måten å arrangere Nursery kvalik på.