Ny Giv for sauehaldet i Hordaland startar no!
Etter grundig planleggingsarbeid, stor semje og topp motivasjon hjå deltakarane er vi no klare for prosjektet; Ny Giv for sauehaldet i Hordaland seier nestleiar i HSG, Reidar Kallestad
Prosjektet er starta av Hordaland Sau og Geit og vert drive i samarbeid med Nortura, Fatland, Fylkesmannen si landbruksavdeling og Landbruksrådgjevinga. Målet med prosjektet er å få fleire lam til slakt.
I løpet av februar vert det fem "Kick off" møter rundt om i fylket. Vi oppmodar alle sauehaldarar å møta desse kveldane. Her vil de få meir informasjon om prosjektet og prosjektmedarbeidarane.
Første møte er i Nordhordlandshallen mandag 11. februar kl 19.30. Meir info og program for møta finn du HER
Hordaland har gode utmarksbeiteressursar. Fjellbeite som gjev god tilvekst på lamma, og der store rovdyr enno er fråverande har mykje ledig kapasitet. På bildet under ser vi frå Fivlingen og Vedalen beitelag i Eidfjord kommune.