NyGiv inviterer til fagmøter "Tjen pengar på sau!"
I februar vil NyGiv i samarbeid med lokallaga arrangere ei møteserie der vi ser på korleis ulike suksesser kan påverke driftsøkonomien i sauehaldet. Det vert lagt opp til mykje god diskusjon!
Vel møtt til desse møteplassane:
- Måndag 17. februar, Park Hotel Voss, kl 19.30
- Tysdag 18. februar, Hatlestrand skule kl 19.00
- Onsdag 19. februar, Stord ungdomsskule, Vikahaugane, kl 19.30
- Måndag 24. februar, Knarvik, Nordhordlandshallen kl 19.30
- Onsdag 26. februar, Meieriet i Odda kl 19.00
Vi er heldige og har fått med oss Harald Pedersen frå Tveit Regnskap som syner ulike dømer på korleis drifta påverkar økonomisk resultat.
Du får sjølvsagt kaffe og noko å bite i!