Denne gongen kom sauehaldet svært dårleg ut av forhandlingane. Faglaga har i sitt krav til staten foreslått omlegging av lammetilskotet frå utbetaling året etter, til utbetaling på slakteoppgjeret. Dessverre har dei lagt fram ein modell som påfører sauehaldet eit tap på ca 470 millionar. Det er gjort utallige forsøk på å bortforklara dette, men halvt tilskot i 2 år, er 1 års tilskot tapt. Møt opp på Seim og gje Bondelaget tilbakemelding på kva vi sauebønder meiner om dette.