Hordaland Sau og Geit la fram saka for bondelagsleiaren på Seim 28. mai. Vi understreka alvoret i omlegginga og den massive motstanden i sauenæringa. Vi oppmoda på det sterkaste at ein tok saka opp att med staten og gjekk tilbake til eksisterande ordning. Styremedlem i NSG, Ove Holmås støtta forslaget og understreka alvoret i situasjonen. Lars Petter Bartnes avviste dette og stod på sitt. Sjå HSG sitt innlegg her.

Dette gjentok seg under høyringa på Stortinget. Bonde- og Småbrukarlaget som var ilag med Bondelaget om kravet til staten, har no innsett at dette gjev eit stort økonomisk tap (ca 480 mill) for sauenæringa. Merete Furuberg og Tone Våg var klare i si melding til næringskomiteen: Fjern omlegginga av lammetilskotet frå jordbruksavtalen. 

Sjå heile høyringa her: http://www.stortinget.no/no/Hva-skjer-pa-Stortinget/Videoarkiv/Arkiv-TV-sendinger/?mbid=/2015/H264-full/Hoeringssal1/06/03/Hoeringssal1-20150603-112520.mp4&msid=280&dateid=10003823