Denne gongen får vi mykje fint besøk. Prosjektleiar for saueprosjektet i Sogn og Fjordane, John Olav Husabø vil fortelja om erfaringane deira så langt. Fylkesagronom Svanhild Aksnes vil orientera om saueprosjektet som vi skal starta opp i 2103.

Frå faglaga kjem leiar i Hordaland Bonde og Småbrukarlag, Jarle Helland og frå Hordaland Bondelag leiar Clara A Hveem. Dei er utfordra på tema; Sauen si framtid i Hordaland.

Her finn du program

                                       Her ser vi John Olav Husabø demonstrera oppsetting av lammingsgarde for eindel av deltakarne på fagturen som HSG arrangerte i desember 2010. Då vitja vi dei to sauefjøsane til John Olav der vi fekk sjå mange kreative og gode løysingar.