Lamminga er igang, og hjå familien Hundhammer på Osterøy, fekk eine sauen deira 2 kull med 12 dagars mellomrom. Første gongen fekk ho 2 flotte lam. Då Aslaug Hundhammer kom og skulle fôra ein morgon nesten 2 veker seinare trudde ho ikkje heilt det ho såg; sauen hadde fått 3 lam til. Veterinær Hallgrim Andersen seier at dette er svært uvanleg. Sauen har vorte befrukta og så fått ny eggløysing på neste brunst og vorte befrukta på nytt. Les meir på: http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Sauen-fikk-to-kull-pa-tolv-dager-2683285.html

Aslaug Hundhammer med søya som overraska med 5 lam på 2 kull. (Foto: Nils-Olai Hundhammer)