Hordaland Sau og Geit                             

 

 

Referat styremøte HSG onsdag, 18. mai.

 

Stad: Teams

Desse var med:                                                                                                     

Reidar Kallestad, Svanhild Aksnes, Oddmund Hildal, Kjetil Rødland Ola Steinsland og Tore Atle Sørheim. Kato Hilleren kunne ikkje møta.

 

 

Sak 33/22 Godkjenning av innkalling og saksliste

Vedtak: Godkjent

 

Sak 34/22 Godkjenning av referat styremøte 11. april

Vedtak: Godkjent

 

Sak 35/22 Brev frå Radøy Sau og Geit

Radøy Sau og Geit hadde sendt denne saka til HSH: Saueskabb midd. Kombinerte buskapar med både sau og geit. NSG sitt vedtak om forbod mot kåring og sal av livdyr.

Ut frå at dette er ei sak i styremøte i NSG 8. juni vil HSG venta på vedtaket.

Vedtak: Sidan denne sjukdomen nå er klassa ned frå A til ein B sjukdom er det heilt naturleg at NSG handsamar denne saka på nytt.

Ut frå det har HSG full tillit til at NSG tar den beslutninga som gagnar sauenæringa best.

HSG vil følge det vedtaket som blir vedtatt i Styremøte 8. juni.

 

 

 

Sak 36/22 Resultat jordbruksforhandlingane 2022

Ein god gjennomgang av avtalen der alle var med kommentarar. NSG har bedt Fylkeslaga sende inn reaksjonar på jordbruksavtalen 2022 og Styret i HSG har sendt dette til NSG:

Hordaland Sau og Geit hadde i forkant sendt inn forslag på korleis en kunne auke innteninga med blant anna og oppretta eit driftstilskot. HSG er «litt» skuffa at dette ikkje kom med i den nye avtalen.

Men tross alt her i Hordaland er middelbuskapen under 50 v. f. sau. Det betyr at i den nye avtalen kan ein auke innteninga med eit snitt på ca. kr. 75.000.- pr. buskap.

(Sjå tabell)

 

Når det gjelder større bruk over 150 v. f. er HSG skuffa at det ikkje er same auke som på eit gjennomsnittsbruk. Ein kan nå oppleve at dei med store buskapar redusere antall v. f. sau og starar opp med annan produksjon.

Men tross alt, godt fornøgd og her er lagt eit godt grunnlag til å bygge videre på ved neste forhandlingar.

 

 

 

Jordbruksavtalens påverknad  for eit gjennomsnittsbruk i Hordaland

                                                          (50 vfs 1,5 lam til slakt pr vfs .Areal 100daa)

                                                     Tala i tabellen er auken i tilskot frå 2022 til 2023

 Dyr/Areal

Type tilskot

Sum auka tilskot pr enhet

total

 50 vfs

Prod. Tilskot sau/ammegeit

  900 kr pr stk

45000 kr

100 sau/lam

Utmarksbeite

    65 kr  pr stk

  6500 kr

130 sau/lam

Innmarksbeite

    10 kr  pr stk

  1300 kr

  75 lam

Kvalitettilskot slakt O+ og bedre

     75 kr pr stk

  5625 kr

  75 lam

Distrikstilskot for kjøtt 1500kg

        1 kr pr kg      

  1500 kr

  100 daa

Kulturlandskapstilskot

       50 kr pr daa

  5000 kr

  100 daa

Arealtilskot

       75 kr pr daa

  7500 kr

   50 vfs

Avløysertilskot

        48 kr pr vfs

  2400 kr

 

 

 

74825 kr

 

I tillegg så vil dette bruket få kompensert auka utgifter i 2022 med 18700 kr som utbetalast i september (200 kr pr vfs og 87 kr pr daa)

 

 

Sak 37/22 Ymse.

Neste styremøte blir 9. juni kl. 200 på Teams