Nye avlsmål, korleis skal ringmedlemmane arbeida for å gjera sitt beste for at vi når felles mål,organisering og finnansiering av saueavlen? Desse og fleire spørsmål er hovudtema når Region saueavl vest inviterer til møte på Thon Hotel, Kokstad ved Flesland onsdag neste veke. Vi vil oppmoda alle ringmedlemmar og avlsintereserte sauehaldarar til å finna vegen til Kokstad denne dagen.

Her finn de program for møtet.

                                                                           Skal vi driva avkomstgransking med granskingstilskot på farga spæl? Dette var eit av spørsmåla i forslaget til endringar i avlsorganiseringa som har vore ute på høyring i lokallag og ringar sidan før nyttår.