På bilde ser vi frå venstre domarane Randi Underthun og Kåre Habbestad, med ein nøgd oppalar John Nymark bak rekordlammet. Her finn du kåringskjema. John er ein av veteranane i Ring 154, avd 7 Askøy. Han fekk sin første sau 5 år gamal, no er han 80. Dette året har har ein av risbitverane frå John kome ut med høgast indeks i ringen. 210350644 MIX NYMARK med indeks 144.

Kåringsjået på Stend var dette året eit samarbeid mellom lokallaga i Bergen,Os, Osterøy, Askøy og Sotra. Det var eit vellukka sjå med 150 lam til kåring. Takk til gjevarane av dei flotte gåvepremiane som vart delt ut til dei beste lamma. Les meir om kåringsjået på Stend i Fanaposten.

På bildet under har Helge Johnsen motteke flott traktor for NKS-lam med høgast poengsum. Lam nr 201451714 med 179 poeng.