Gode risbitverar for sal

 

Risbitkåring

Det vert risbitkåring på Stend Jordbruksskule søndag 13. oktober kl 14-16.

Ring 154 Strilavereringen har for sal 40 gode risbitverar(2018-årgang).

Høg O-indeks

Verane vi sel har O-indeks frå 125-135. Dei siste åra har snittindeksen vore 130.

Lågt lammetal

Dei siste åra har vi gentesta alle prøveverane og fjerna alle med dobbelt finnegen. Delindeksen for lammetal er og vekta ned i O-indeksen. Dette har ført til att lammetalet til døtrene etter verane våre har vorte redusert frå ca 2,7 til 2,3 (der og mora har gener etter omlegginga som er gjort). Det kanskje viktigaste er fjerning av finnegenet som har ført til langt ferre firlingfødslar(og fleire).

Det er framleis variasjon i delindeks for lammetal, slik at dei som ønsker fleire lam kan få seg ver med denne eigenskapen.

 

Godt eksteriør

Ved innsett av prøveverane er kravet til kroppspoenga minimum 8. Risbitverane vert dømde på nytt før vi sel dei for å ta ut dei som ikkje heldt mål.

 

Garanti

Dersom det vert problem med mykje omløp, eller andre problem i paringa, erstattar vi veren du har kjøpt med ein ny.

 

Eliteverar

To av eliteverane våre frå i fjor haust er tekne inn til semin, 201751024 PRINS SKJOLDAL og 201750660 BASKAR EIDSNES.

Dei andre er for sal: 201750652 JULIUS O-indeks 131 og 201750914 KNIPP HOVE O-indeks 135.