Vi har denne gongen toppa laget og har tre innlegg i fagprogrammet for sau/småfe laurdag 2. november.

Framtidas sau. Ivar G. Slettemoen, bonde og leiar i avlsrådet for sau, tek før seg eindel av dei utfordringane vi idag har med ein høgtytande sau, og korleis han ser for seg kva vi gjer framover. Om de ikkje kjenner til Ivar har han ale toppverar som; Kjempegod, Kjempe-Blingsen, Kjempe-Braut m.fl.

Kva faktorar verkar inn på lammetalet? Torstein Steine tidlegare avlssjef i Geno, no instituttleiar ved UMB Ås har arbeid med, og forska på avl i 40 år. Torstein er og medlem i avlsrådet for sau. Mange meiner lammetalet har vorte for høgt. Korleis kan vi påverka dette gjennom avl og fôring/miljø? 

Find my sheep, elektronisk sporing av husdyr. Arnstein Solem vil fortelja oss meir om GPS-bjølla som no har hatt sin første sesong, etter produktet kom for sal i vår. For mange har elektronisk sporing av sau i utmarksbeite, vorte eit løft i høve til tilsyns- og sankearbeidet. Les meir om utviklinga av bjølla på: http://www.opdalingen.no/lokale_nyheter/article5986954.ece

Påmeldingfrist til Agro Hordaland er 15. oktober. Meir info og påmelding finn de her: http://www.agrohordaland.no/