Avls- og seminsjef Thor Blichfeldt

Etter at leiar i Region Vest, Audun Nedrebø, hadde opna konferansen, gav Thor Blichfeldt ei grundig innføring i kva avlsabeidet kostar, kva vi oppnår og kva utfordringar vi har framover. Avlsframgongen har vore stor dei siste 10 åra. Dersom vi klarer å spreia denne til alle bruksbesetningane, vil avlsarbeidet gje ei kjempegod økonomisk avkastning.

Lars Nesse, leiar i Lærdal verering orienterte om drifta i ringen som driv tradisjonell avkomstgransking med 22 medlemar i 2 avdelingar. Desse granskar ca 20 prøveverar og 10 eliteverar kvart år. Lærdal verering ligg heilt i landstoppen og har levert mange seminverar opp gjennom åra. Ringdrift har mange utfordringar, men han var klar på at dette er den beste måten å driva avkomsgransking på.

Bernt S. Undheim, medlem i Hå verering granskar 12 prøveverar i eigen flokk med ca. 400 NKS-søyer. Dette er eit opplegg som for han er arbeidsbesparande og som gjev godt smittevern. Ulempene er større fare for innavl, at ein ikkje får testa verane i forskjellig miljø og at ein mister noko av kontakten med dei andre medlemane i ringen.

I plenumsdikusjonen etter innlegga, fekk deltakarane svar på dei fleste spørsmåla dei stilte. Som ellers når sauebønder treffest var engasjementet stort. Det vert for tida arbeida med forslag til nye driftsformer i avlsarbeidet. Dette skal ut på høyring i lokallag og vereringar før ei endeleg handsaming og godkjenning på Landsmøtet i NSG i 2013.

 Avlsforskar i NSG, Sigbjørn Eikje

Sigbjørn Eikje gjekk gjennom system for og arbeidet som vert gjort for å oppnå best mogleg sikkerheit i avlsverdivurderinga. Han tok og føre seg søyeeigenskapane og samanhengen mellom desse. Det vert eindel omleggingar til neste indekssesong som tek opp i seg desse forbetringane, mellom anna inividuell tilvekstkorrigering i høve til alder på lamma. Avlsbesetningane gjer ein stor innsats. Det er likevel eit stort forbetringspotensiale. Dette kom fram i diskusjonen i plenum etter innlegga til Sigbjørn Eikje. Rettidige registreringar i besetningane er ein føresetnad for det arbeidet dei skal gjera. Her må vi skjerpa oss. Registrer fødselsvekt, vårvekt og haustvekt på alle lam. Haustveginga skal gjerast snarast, og seinast ei veke etter sanking, eller når ein får dyra heim.

Laurdag morgon kunne ein tru at den sosiale delen av konferansen hadde utarta gjennom natta. Eller var det første programpost; spælsauavlen som var årsak til at salen denne morgonen berre var halvfull? Det veit berre dei som skulle ha fyllt opp dei tomme stolane. I alle høve var det synd, for utfordringane er mykje dei same innan NKS-avlen. Thor Blichfeldt skal ha ros for at han ikkje går rundt grauten, men gjev klar melding der arbeidet vi sjølve gjer er utfordinga.

I foredraget "Skal godsøya få semin, elite eller småelite"? understreka avlssjefen at eliteparingane som skal gje neste års prøveverar er det aller viktigaste. For å sikra dette må styret i ringen få "disponera" dei 2-5% beste søyene i ringen. På desse må ein så bruka dei beste semin, elite og gjerne nokre av dei beste prøveverane. Resten av dei 30% beste søyene i flokken disponerer kvar sauehaldar. Her gjeld det same som for dei 2-5% beste søyene. Bruk mange seminverar(minst 10). Dess betre ringen er, dess mindre semindosar. Beheld og bruk alle lokale eliteverar som heldt seminkvalitet(indeks 135 og oppover). Dei beste prøveverane kan brukast på 5-10 søyer kvar. Klarer vi å gjennomføra dette vil vi få enno større avlsframgang enn det vi har oppnådd så langt.

Thor Blichfeldt orienterte om arbeidet som er gjort så langt, og moglegheitene med genanalyse og gen(om)seleksjon.

Leiar for avlsrådet for sau i NSG, Bjørn Høyland tok føre seg visjonane for saueavlen i Norge. Avlsarbeidet skal gje eit viktig bidrag til eit økonomisk sauehald med eit godt omdøme. Dette skal vi oppnå gjennom inovasjon og fokus på friske dyr, og ikkje minst gjennom at alle sauehaldarar tek del i avlsframgangen.

 Regionkonsulent saueavl Vest, Kjell Steinar Løland