For mange er lamminga godt igang. For oss andre nærmar det seg styggeleg fort. Lamminga er ein krevande periode for oss sauehaldarar, med stor arbeidsmengd, lite søvn og mange utfordringar ein må ta stilling til. Lammetapet i form av daudfødte og daude inne er noko vi kan påverka gjennom det arbeidet vi no gjer. Tapet etter beiteslepp vil og vera påverka av innsatsen vår no i lamminga.

Mange veit sikkert kor dei har utfordringane sine i høve til forbetringar. Vi vil i tida framover få eindel av dei som har gode resultat, til å fortelja oss korleis dei gjer det.

Det er og mange gode råd å finna hjå rådgjevingstenesta. Her finn ein tips til m.a. førebuing, rutinar, fôring og fødselhjelp. Nokre av dei aktuelle linkane er:

Sauekontrollen, Helsetjenesten for sau: Lamming og fødselshjelp

Medlemsportal for Nortura - lamming

NSGs fagdatabase

Felleskjøpet