Det har dei siste åra vore litt ymse tilråingar omkring tidspunkt for vaksinering. Etter å ha rådført oss med spesialveterinær Lisbeth Hektoen i Helsetjenesten for sau er dette "oppskrifta":

Vaksinering 2-6 veker før lamming er fortsatt ei god og riktig  tilråding.

Når søyene er vaksinert tidligare (altså at åringane er vaksinert om hausten, og dei vaksne er vaksinert tidligare år) har ein vanlegvis ein god immunrespons ca 7-10 dager etter vaksinering. Og så må ein sjølvsagt huska på at også i samband med vaksinering er råmjølkstilførsla essensiell.  Det spiller nok ei mykje større rolle enn kor i “tidsintervallet” ein vaksinerer. Lamma får overført immunstoffa via råmjølk og det er difor avgjerande at alle lam får nok råmjølk tidleg. Og så er grunnvaksineringa av påsettlamma første hausten viktig.

Det er viktig å vaksinera verane og. Her gjeld det same. Verlamma må vaksinerast første hausten og sidan kvar vår når vi vaksinere søyene.

Immuniteten lamma opparbeider seg frå antistoffa i råmjølka vil vara i ca 12 veker, for Pasteurella kun ca 4 veker. Det kan difor vera ein fordel å vaksinera heimelam og kopplam(lengre framfôringstid) på nytt dersom ein har problem med tap av lam, grunna sjukdommane vi vaksinerer mot.

Når det gjeld bruk av Ovivac P til søyer, så er grunnlaget for det hovedsakleg beskyttelse mot sepsis /blodforgiftning hjå lamma  ( lamma dør då brått, ved nokre få dagars alder, utan at ein har sett så mykje på førehand, fordi det går fort).

Pasteurella-bakteriar er også ein vanleg følge-infeksjon hjå lam med sjodogg, og også ganske vanleg å finna ved lungebetennelsar hjå sau/lam i ulike aldrar. 

Lisbeth Hektoen, på bilde til venstre konfererte med Tore Tollesrud på Veterinærinstituttet, for å gje oss oppdatert informasjon om vaksinering. På bilde til høgre har veterinær og leiar i Bergen og Os Sau og Geit, Kristin Semb Gjerde teke eit av lamma inn i familien. Dersom du vil lesa meir om vaksinering og sjukdomane vi vaksinerer mot, finn du ein flott og lettlest artikkel som Kristin har skrive her.