Tid for vaksinering
Det nærmar seg lamming, og vaksineringa bør skje 2-4 veker før første sauen skal lamma.
Hugs å tinga vaksinering hjå veterinæren i god tid før lamming. Vaksinering bør gjerast 2-4 veker før lamming, og om hausten før påsettlam, kåringskandidatar og fôringslam vert sleppte på gode håbeite. Det går 14 dagar frå vaksinering til vaksinen gjev effekt. Best effekt får ein ved revaksinering. Det er difor viktig at påsettlamma vert vaksinert om hausten for at dei ved ny vaksinering før lamminga om våren, produserer mest mogleg antistoff i råmelka som dermed lamma deira får overført.
For dei som har verar er det og viktig å vaksinera desse 2-4 veker før beiteslepp.
For meir informasjon om vaksinering, gå inn på linken under.