Turen er avlyst grunna for få påmelde!

Buss frå Odda fredag ettermiddag, til Scandic Hotell Hamar. Det ligg berre eit lite kvarters køyring frå seminstasjonen.

Laurdag 17. vert det omvising på Staur, for dei som ynskjer det, medan medfylgjande sambuarar, ektefeller eller anna godtfolk, kan «gjera byen». Gangavstand til sentrum.

Etter omvisning, køyrer bussen til Pers Hotell på Gol, for sosialt samver og overnatting med middag og frukost.

Prisar:

Pers Hotell:
Kr 1.045 pr. Person i dobbeltrom
Kr 1.390 pr. Person i enkeltrom
Middag laurdag og frukost søndag inkludert i prisen.
Scandic Hotell Hamar:
Kr 890 for enkeltrom
Kr 1.090 for dobbeltrom
Frukost er inkludert.
I tillegg kjem buss. Stykkprisen her er naturleg nok avhengig av kor mange som vert med.

Hotellopphalda vert å betala direkte, medan me sender ut giro på transporten i ettertid.

Turen er open for alle interesserte, men innan påmeldingsfristen, laurdag 5. september, vert lokallagsmedlemmer prioriterte. Andre får plass etter kva tid dei melder seg på.

Påmelding til Oddmund Hildal, tlf. 98062093 eller epost: oddmundhildal@hotmail.com

Velkomen til ein hyggeleg tur med fagleg påfyll og sosialt samver.

Med helsing

Indre Hardanger Sau og Geit

Johannes H. Sekse

(leiar)