Seniorrådgjevar Yngve Rekdal viste til den store fôrerdien, heile 1 milliard kr, som utnytting av fjellbeita bidreg med. Tilsvarande verdi for fôrproduksjon på dyrka mark krev 12% av dagens fulldyrka areal i Norge.

Utmarksbeita er i ferd med å verta kartlagde og klassifiserte i høve til kvalitet og utnyttingsgrad. I framtida med færre og større sauebruk, vert det viktig å utnytta dei beita som har den beste kvaliteten, og der ein kan organisera seg på ein god og rasjonell måte i høve til tilsyn og sanking.

                                           Skrinnt beite i Masfjorden

Yngve Rekdal understreka at utnytting av utmarksbeita, og forvaltninga av desse, må vera kunnskapsbaserte. Det er viktig å vera med frå starten av, når arealplanar i kommunane skal lagast. Synleggjering av næringsinteressene til beitebrukarane, vil kunna redusera utbygging i dei beste beiteområda, og dempa moglege konfliktar i beiteområda seinare.

                                           Frodig beite på Hardangervidda i Ullensvang

Foredraget frå Agro Hordaland finn du her: Utmarksbeite i framtida, Agro Hordaland 2011