Det vart delt ut mange smaksprøvar av lam under laurdagens grillaksjon. Samarbeidet mellom lokallag og lokale butikkar fungerte godt, og produkta som vart grilla var å finna att inne i butikken. Lam som grillmat har vore lite utbredt, men responsen frå publikum var svært positiv. Mange reagerte på kor mørt og saftig lammekjøtet var. Me håpar med dette at fleire vil leggje lam på grillen i sommar.

Me i styret i HSG vil ynskja alle medlemmer ein riktig god sommar.

Her er nokre av bileta som er sendt inn frå grillaksjonen