Me har fokus på godt smittevern og grunna begrensa inneareal er me avhengig av at véret er brukbart. Det vert fyr i bålpanna, gløgg og kaffe. Ta med gode kler, ein stol, grillmat/drikke og ellers det ein måtte ønske så skal ein ikkje sjå bort frå at det kan bli ein riktig så hyggeleg kveld med mimring om året som har vore og ønsker for det nye. Ta med hunden for trening i hegn! Her er det flomlys og kyndig veiledning på plass.
Me tar sikte på å starte kl. 17. Det går allereie no hotte rykter om at nokre vil nytte dagslyset og komme tidlegare på dagen. Det er sjølvsagt lov for fleire :)
Velkommen til alle!