Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Oktober 2020
Ma Ti On To Fr
   1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031 
       

Resultat frå kåringsjået på Austrheim

16.10.2013 | Skrevet av Nils Inge Hitland

Med 267 lam og meir enn 1700 besøkande, styrka kåringsjået i Nordhordland sin posisjon som størst i fylket

Resultat etter kåringssjået på Austrheim 05.10.2013

Det var påmeld 267 lam fordelt på 41 eigarar, desse kom frå kommunane  Austrheim, Lindås, Radøy og Meland.

Under kåringa blir det lagt vekt på dyrets avlsindeks  i tillegg til at dommarane bedømmer  beinstilling, kroppen på lammet(kjøtsetnad og brukseienskaper) ullmengd og ullkvalitet her har dei ein skala frå 5-10 som blir nytta, for å bli godkjend i avl må dei få minimum 6 poeng på alle 4 kategoriane. Lamma kan dermed få max 40 poeng hjå dommarane, og alle lam som får meir enn 35 poeng får ei kvalitetessløyfe

Resultat frå Norsk kvit sau:

Kåra 130 lam frå 22 eigarar av desse fekk 35 lam kvalitetssløyfe.

beste lam blei nr 201350993 født hjå Ove Holmås med 181 poeng (10,9,9,10)

nr 2 501350982 født hjå Ove Holmås med 179 poeng (10,9,10,10), deretter kom det 4 lam med 177poeng desse var frå Ove Holmås, Reidar Kallestad og Odd Totland.

I tillegg kan det nemnast at Ove Holmås hadde eit lam som fekk 4x 10 poeng hjå dommarane

Resultat spæl

Det blei kåra 32 lam frå 8 eigarar, og utdelt 7 sløyfer

Beste lam blei nr 201351100 født hjå Alf Angelskår med 158 poeng(8,8,8,10)

Nr 2 blei 201351103 født hjå Alf Angelskår med 157 poeng (8,9,8,9) deretter kom det 3 lam med 156 poeng og dei var født hjå Ove Holmås, Ørjan Jakobsen og Thomas Risnes

Resultat sjeviot

Det blei kåra 70 lam frå 10 eigarar og utdelt 22 sløyfer

Beste lam blei nr 201351082 født hjå Edvin Vågstøl med 165 poeng(9,9,9,8)

Nr 2 blei 201350956 født hjå Bente Morken med 163 poeng( 9,8,8,9) derette kom det 3 lam med 161 poeng og dei var født hjå Aslak Wiik, Kåre Wiik og Henrik Steinsund

Det blei også kåra nokre lam av rasane Suffolk, Blæs og farga spel.

Tekst: Kåre Hole

Eiliv Veseth og Simen Skjoldal Vik dømer lamma til Edvin Vågstøl

 
Hordaland Sau og Geit Org. nr.: 992 113 189
Leder: Reidar Magne Kallestad
Mob.: 41 56 00 48
E-post: reidar.kallestad@online.no