Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Oktober 2020
Ma Ti On To Fr
   1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031 
       

Siste publiserte artikler

Gjetarhundtrening vinteren 2020

11.12.2019 | Skrevet av Kristina Jordalen

Me startar opp med gjetarhundtrening i ridehallen på Voss Vidaregåande skule torsdagar kl 18:00 frå og med 9. jaunar 2020. 

Siste trening vert torsdag 2. april. 

 

Treninga er for medlemmer i Norsk Sau og Geit, så hugs å betala medlemskontigent. 

 

Minner også om treningsavgift på kr.: 200 som skal betalast inn på Voss Sau og Geit sin konto: 34801704877. Merk innbetaling med "trening vinter 2020". 

Dette for å ha litt å gå på dersom det skulle oppstå uhell/skade under trening. 

 

Minner også om at dette er eigentrening utan instruktør, ei moglegheit for å trena innandørs på vinterstid, utveksla erfaring og gje kvarandre tips og råd. 

Fint om ein byter på å ta med kaffi og noko enkelt å bita i. Tilby deg gjerne, og avtal kven som tek med neste gong før treninga er over!

 

Har du spørsmål, ta kontakt med gjetarhundansvarleg i Voss Sau og Geit, Rune Gjeraker, tlf: 97083292.

 

Vel møtt til trivelege kveldar i ridehallen!

 

 

 

 
Voss Sau og Geit
Org. nr.:
Besøksadresse
N-
Postadresse
N-
Kontakt Tlf.: (+47)