Banner Banner Banner Banner

Kalender

  September 2020
Ma Ti On To Fr
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
282930    
       

Landbruksdagen i Austrheim 2019

26.09.2019 | Skrevet av Urda Blichfeldt

Landbruksdagen i Austrheim blir arrangert 5. oktober i og ved Austrheimhallen. Arrangøren lover et innholdsrikt og spennende program!

Tekst og foto av arrangørene: Austrheim Landbrukskvinnelag, Austrheim Sau og Geit og Radøy Sau og Geit

Årets arrangement vert innhaldsrikt og spennande. Det vert kåringssjå for verlam, som dekkjer Austrheim og Radøy, og det er eit godt samarbeid mellom Sau og Geit-laga i desse kommunane for å gjennomføra kåringssjået på Landbruksdagen. Her treffes både sauefolk og andre ihuga saueentusiastar, og mange er nok på utkikk etter ein flott ver som skal sikre neste års lammesesong.

Det blir mange flotte utstillarar, både ute og inne. Det er uråd å nemne alle, men ute vert det m.a. traktorar og andre maskiner, frukt og grønnsaker, saueklipping der borna kan få lov å prøve å klippe, utdeling av smaksprøvar av m.a kortreist hjort, utstilling av små og store dyr og veterinærar tilstades som ein kan spørje om råd.
Inne er det eit stort spekter av utstillarar, og den som tek turen får eit rikhaldig utval av m.a. brukskunst, husflid, gardsmat, lefser og andre godsaker. Magnhild Dyrdal vert med også i år og lærer oss korleis vi lager lammerull, og Magnus Kvingedal viser korleis ein lager kiper.

Kyst og sogelaget er på plass med utstilling av gamle reiskapar og utstilling med tema
«Fiskarbonden sitt heimafiske». I denne samanhengen er dei på jakt etter gamle fiskereiskapar som finns rundomkring i gamle naust og nothus.

Austrheim Ungdomslag vil opptre med «Minirevy», så det vert anledning å trimma lattermusklane også. Alle dei kjende aktivitetane, som mjølkespannhalding, hesteskokasting, hesteriding, trøtraktortrøing, lykkehjul og tippekonkurranse er på plass som dei brukar, og loddsal med fine gevinstar.

9.klassane på Årås og Kaland er på plass med vaflar og hotdogs, og betasuppe vert også å få kjøpt.
Landbruksdagen i Austrheim legg vekt på å gje gode, landbruksrelaterte opplevingar for store og små, og er ein viktig kulturbærar lokalt. Vi vil takke for alle som stiller trufast opp på dugnad år etter år, lokalt næringsliv som støttar arrangementet og økonomisk støtte frå fylke og kommune/ar.

Vi ventar mykje folk til arrangementet, så vi ber om at ein parkerer på tilviste plassar når ein kjem til området. Vi bruker parkeringsplassane ved Austrheim Brannstasjon og nord for Mastrevik Torg, og det vil bli gratis skyss med veteranbuss frå desse parkeringsplassane til Austrheimhallen.

Det er gratis inngang.

Vipps kan nyttast ved kjøp av betasuppe, lodd og hjå dei fleste utstillarane, men husk å ha litt kontantar i lomma for sikkerhets skuld!

Velkomne til ein triveleg dag for store og små!

 

 

 
Norsk Sau og Geit nsg@nsg.no                
Org. nr.: 970 134 808
Besøksadresse Moerveien 2A               
N-1430 Ås
Postadresse Postboks 104                
N-1431 Ås
Kontakt (sentralbord) Tlf.: (+47) 23 08 47 70