Kurs for nye sauebønder Ørsta 28 og 29 mars - 2009!
Kursa tek for seg kva som skjer i sauefjøset på dei ulike tidspunkt i året. I tillegg til å sjå på det som skjer i fjøset, ser me også på korleis fjøsen er.
Me skal laurdag 28. mars og søndag 29. mars ha ei samling i Ørsta hjå Odd Bjarne Bjørdal.
Me startar på hotell Ivar Åsen laurdag kl 12.00 med lunch og litt ”bli kjent”. Deretter ber det ut i fjøsen til Odd Bjarne og evt ein fjøs til.
Hovedtema er altså lamminga som går føre seg på denne tida , men det er klart at når ein først er i fjøset ser ein også litt på fjøsløysingar, og opplegg elles. Laurdag kveld middag med sosialt samvær
Søndag 29.mars er dyrlegen sin dag. Han vil då vil ta for seg problem i og kring lamminga. I tillegg til dyrlegen vil me få ein seanse om avl og avlsopplegg på sau.
Me har fått gode tilbakemeldingar på dei to første kursa og me vil prøve å gjere dette tredje om muleg endå betre.
Interesserte,- anten det er slike som har vore med før eller slike som ikkje har vore med tidlegare,- er hjerteleg velkomne og kan melda seg på til:
Kursavgift kr 750 pr deltakar. (inkluderar overnatting og mat for heile kurset.
Magnus Skjerdal 70041077/ 95796762 e-post: magnus.skjerdal@tussa.com eller
Olav Sørstrand 71542602 /95852754 e-post: o-soerst@online.no