Leiarmøte i Sau & Geit 2009
Sted: Stryn, helgen den 23 - 25 Oktober 2009
 
 
Fredag 23. Oktober
Vi fekk være med på ein godt planlagt og framifrå fagtur til Selje i regi av Selje Sau og Geit.  Det var eit framifrå ver med naturopplevingar av dei sjeldne med ein blikkstill dag på Stadlandet.  Deltakarane frå Sogn og Fjordane møtte deltakarane frå Møre og Romsdal der vi kjørte samla i buss frå Nordfjordeid til Selje og Stadlandet der vi fekk sjå og informasjon om kystgeit,  hjortefarm og besøk i ein uisolert driftsbygning for sau.  Vi fekk servering av ein framifrå lunsj på Ervik fiskemottak med ein nydeleg Fiskegrateng med tilbehør og dessert. Etterpå var vi i kyrkjebygget og fekk fortalt historia om St.svintuns forlis 30.september 1943 og korleis bygdefolket der ute  greide å berge mange frå dette forliset i dårleg haustvær, ei gripande historie.  Grunna stramt program orienterte Kjellfrid Støylen om erfaringar i prosjektet Framtidsretta sauehald, der tok ho for seg kva som har vore gjort, planar for prosjektet fram til dette vert avslutta 1. Mars 2010.  Johannes Nedrebø orienterte om nytt frå Nortura. Her var vi innom markedssituasjonen, slaktesesongen på Førdeanlegget, omlegging / innsparingar i Nortura. Vidare vart det diskutert pris og klassing av kjeslakt der produsentar ynskjer å få til ein slakteridag når det gjeld slakting, klassing av geit / kje.  Etter dagens tur enda vi på Styn Hotell der resten av samlinga føregjekk. Her vart det middag om kvelden samt tjuvstart på gjennomgang av årets seminkatalog.  Tema utover kvelden handla mykje om avl.
 
 
Lørdag 24. Oktober
 
Magnus opna dagen med sang
 
 
Nytt frå saueavlen
Per Johan Lyse frå Rogaland møtte som stedfortreder for Turid Sundt og snakka om nytt frå saueavlen.
I Vest har ein lege etter resten av landet i Indeks i mange år. Dette har endra seg mykje takka være fokus på avl i Sogn og Fjordane og Sakk  Eggum, nærare bestemt Lærdalsringen.  Han orienterte om desse sakene: 
 
 
Delindeksane og vektlegginga framover på NKS, Spæl, Sjeviot.
-          NKS:  Ingen endring i 2009 som betyr same vektlegging som før på lammetal.
-          Spæl: Noko større vektlegging av fett, mindre på slakteklasse, større vektlegging på morsegenskapar som er viktige i høve flokkinnstinktet til spælen.
-          Sjeviot:  Inga endring i 2009.
 
Gransking innan flokk.   Kriteriar: 
-          Buskapen må være medlem i ring
-          Ringen skal eige verlam og ha ansvaret for innsettet.
-          Buskapen må granske minst 3 værer /år.
-          Kravet til avkomsgruppa er minimum:  NKS  / 20 slakt,   Spæl / 15 slakt,   Sjeviot / 10 slakt.
-          Buskapen må levere minst 15 slakt med seminfar i året.
-          Ringen skal disponere  dei granska værene.
-          Ringen får same granskingstilskott for verer som vert granska innan flokk.
 
Auka fokus på smittevrn. 
-          Ringmedlemmer kan ikkje selje dyr over Fylkesgrensene
-          Ingen overføring av dyr mellom ulike avdelingar
-          Ringmedlemmene kan ikkje hente livdyr (han /ho dyr) utanfor ringen
-          Smittegruppene kan ikkje være over 2000 v.f.sau
 
4 Fokusområde for smittevern i sauenæringa
-          Fjellbeite.  Ulike buskapar har nærkontakt ved saltsteinar og sanking
-          Vereringar. Flytting av dyr mellom buskapar
-          Kåring.  Ulike buskapar står tett saman
-          Kjøp og sal.  Kjøper ofte frå ulike buskapar. Oppfordrar alle bruksbuskapar til å finne seg ein seljarbuskap og halde seg til denne.  (Ideelt sett skulle berre avlsbuskapar solgt værer)
 
Semin 2009 / 2010
-          Mange ulike smårasar
-          NKS verar som er spesielt gode på morsegenskaper.
-          NKS risbitværer som er tekne inn grunna høg indeks.
-          Få spelværer. Mange gjekk ut grunna funn av Myostasin-mutasjon. (Liknande Belgisk blå)
-          Import av fleire rasar (Sjeviot, Romney, Charolais, Suffolk, Svartfjes ++)
 
Kåring
-          Grunn til restriksjonar i 2008: Fotråte
-          Grunn til restriksjonar i 2009: Blåtunge
-          Gardskåring  innafor restriksjonar for blåtunge.
-          Fylka må vise til rekneskap som syner at kåringa går i balanse (utan tilskot frå regionutvalet)
-          Kåringa skal opp som sak på representasjonsmøtet til NSG i Mars.
-          Meiningar for og i mot dagens kåring.
 
Ellers informerte Per Johan om Avlsmøtet som skal være 13.-14.februar der alle interesserte kan delta. Her vert tema:
-          Korleis er lammeslaktet om 10 år
-          Morsauen: Nye eigenskapar inn i avlsarbeidet
-          Eiga farlinje: Treng vi det, og kven skal avle dei fram
-          Avlsframgong kontra innavlsauke
-          Utplukk av avlsdyr på grunnlag av gen
-          Norsk avlsarbeid i eit internasjonalt perspektiv
 
 
Nytt frå Tine
Helga Kvamsås orienterte om Sunnylven prosjektet. 
 
Innkrysing av Fransk Alpingeit i den Norske mjølkegeita. Dette for å få inn eit nytt gen/gentype i geitemjølk produksjonen.  Dette er viktig for kvitostproduksjon.
 
Eigenskapar:
-          Smak
-          Frie fettsyrer
-          Ystbarhet
-          Utbytte av mjølka
 
Her er mykje godt arbeid gjordt når det gjeld produksjon og kvalitet. Men! Det må jobbast meir med avl.  Den Franske geiterasen særpregar med meir brun i farge og er noko meir høgstilt enn dei Norske geitene.Målet med dette prosjketet er kartlegge kva ulike norske og franske variantar av genet vi har.  Ho fortalde om kva datamateriale dei har brukt i dette forsøket med tal besetningar, tal dyr frå begge rasane og ulike prøvar av mjølka.  Endring av gen har stor betydning for kvalitet og mjølkepris. Mjølkemengda ser ikkje ut til å være stor skilnad på. 
 
Konklusjon: Har stor betydning for dei to kvalitetsutfordringane vi har:
-          Stabilisere og redusere innhold av fettsyrer i melka
-          Betre ystingseigenskapar og dermed kvaliteten på ferdig ost.
 
 
Tur i Briksdalen.
Som avbrot i den teoretiske delen fekk vi være med på ein framifrå godt organsisert tur i Oldedalen med tur til Briksdalsbreen med Rune Myklebust som turleiar og kjentmann. Viare fekk vi servert ein framifrå god lunsj hos Signe Aabrekk.  Etter lunsj delte vi oss i 2 grupper der nokre fekk omvisning i geitefjøset til Rune Myklebust og dei andre var att hos Signe Aabrekk som fortalde om gardsmatprosjektet sitt på bruket.
 
 
Innlegg frå prosjektet Geit i vekst etter nesten 3 år.
Ola Søgnesand oppsummerte etter nesten  3 år i prosjektperioden.   Prosjektet dekker Møre & Romsdal, Sogn & Fjordane og Hordaland.  Har som mål å sikre ein framtidsretta geitemjølkproduskjon og oppnå med betre helse på geitene. 
Punkt Ola var inne på her var:
 
·         Sjukdomssanering
·         Bygningsløysingar der han nemnde viktige element som lys, ventilasjon, innredning, grovfòrhandtering og melking.
·         Kjøttproduksjon på kje som har som formål å:
-          Avskaffe ei uetisk side ved geitemjølkproduksjon
-          Få til meir oppfòring av kje
-          Utvikle gode oppdretts og fòringssytsemer
-          Samarbeid med Nortura
-          Pilotprosjekt framfòring
·         Kjekjøtklassifisering
 
 
Jordbrukstingingar
Steinar Ness prøvde å sette oss inn i korleis Jordbruksforhandlingane går fram, der Jordbruket forhandlar om inntekstmogelegheiter i landbruket med Staten.  Det er viktig å være frampå med innspel til desse forhandlingane. Her er sauenæringa kanskje alt for beskjeden.  Han sa at Regjeringas mål for dei neste åra seier noko om å styrke jordbruket og matproduksjon, særleg på dei grasbaserte produksjonane. Det betyr at sauenæringa må sjå på kva mogelegheiter som ligg her med omsyn til å kunne auke inntektene i næringa.
 
Sauebondens inntekt kjem hovudsakleg frå oppgjør frå slakteri og tilskott frå Staten.
 
Forklarte på ein ryddig og grei måte om:
 
Målpris:  Pris ein kan oppnå ved å levere kjøtt/mjølk under visse forutsetningar, og dersom ein greier å halde eit balansert marked. 
 
Tilskott:  Som er på ein måte faste pengar over Statsbudsjettet som bonden får utbetalt i februar og juni. Her er viktig å komme på banen med forslag og krav til neste forhandlingar. Døme på ulike tilskott her er:
  • Areal og kulturlandskapstilskott
  • Husdyrtilskott
  • Tilskott til dyr på inn og utmarksbeite
  • Avløysartilskott
 
Ramme og fordeling her er viktig. Det er rimeleg lett å få aksept frå oppunionen om å drive med sau.  Vi bør no få til ei felles innstilling til Jordbruksforhandlingane 2010 frå desse 3 fylka på Vestlandet ( Møre & Romsdal – Sogn & Fjordane og Hordaland)
 
Lørdagskvelden var det middag og dans v/Eid Spelemannslag
 
 
 
Søndag 25. Oktober
Magnus opna dagen med song
 
Lokallaga sin time:
-          Askvoll v/Terje Mork: Fylkeslaget må prøve å bevare dagens kåring, som er viktig del av det sosiale i sauemiljøet.  Mange har i år prøvd å få til meir samlasting av slakt der puljetillegget betyr ganske mykje når ein klarer å komme opp i heile lass.
-          Stryn har hatt kurs i kompetansebevis med 80 deltakarar.
-          Ørsta har hatt kurs i kompetansebevis med 120 deltakarar.
-          Viksdalen har blant anna arrangert fårikålmiddag
-          Årdal har arrangert kurs i kompetansebevis, samt arrangert ein flott fjelldag i Årdal
-          Lærdal v/ Lars Nesse. Det er viktig med sosiale arrengement, gjerne opplagt fagtur for å sjå fjøsbygningar etc. Gjerne fjøs som i Jostedalen, Hallingdal eller i Sogn og Fjordane.
-          Selje.  Har lagd til bondekafè med temamøter som dei blant anna har fått Smil midlar til Miljøplankurs/ møter. Dei søkte også Selje næringsfond om stønad til HMS kurs.
 
 
Ullsekkar
Slik det er i dag skal lokallaga bestille ullsekkar gjennom fylkeslaget som tek opp samla bestilling til Norilia. Norilia bestiller ullsekkar ein gong i året i mai og får desse ut på sommaren til ullmottaka.  Det vart diskutert kva ein kunne gjære for å få fakturert ut sekkene til medlemmen og samstundes få att momsen. Her var nevnt idear som trekk / kg ull,  trekk på tilskott til ullessing, etc. 
 
Kan føye til at etter denne samlinga så vil Jølster sau og geit prøve å distrubere ullsekkane ut til medlemmene gjennom kontaktpersonar som har ullsekkar på lager og som skriv liste på dei som hentar tomsekkar. Dette vert fakturert ut att gjennom avløysarlaget i kommunen der dei fleste saueeigarane er medlemmer. Då får ein ut sekkene på ein grei måte og ein får fakturert sekkene slik at ein får att momsen. Avløysarlaget må legge på prisen 50 øre – 1 krone på sekken for fakturering og arbeid med dette. Det trur vi dei fleste står i.
 
                  Rovdyr
                  Erling Offerdal seier vi har ein jobb i å samordne ein del både med omsyn til
                  rovdyr, jordbruksforhandlingar etc.
 
 
ORGANISASJONSKURS  v/Vinni frå NSG sentralt
 
Vinni orienterte om NSG som organisasjon. Ho snakka om lagspermen som alle lokallaga bør ha. Denne inneheld nytt oppdatert materiell frå NSG. Ho delte ut ein prem til fylkeslaga. Lokallaga skal få tildelt perm seinare. Permen inneheld:
-          Litt fakta om NSG. Skiping, tal fylkes og lokallag, tal medlemmer.
-          Formålet til NSG
-          Strategiplan for 2008 – 2009 som omhandlar
1)   Økonomi og marked
2)   Produksjonsvilkår
3)   Faglege utfordringar
4)   Eigen organisasjon
5)   Politikarkontakt og alliansebygging
6)   Informasjon, Handlingsplan, Arbeidsplan, møter, aktivitetar og oppgåver.
 
Vinni seier NSG har fått til bra når det gjeld pris pr kg kjøtt.  Det må no forhandlast om beitetilskott, dyr på teljedato etc. Det er viktig at lokallaga kjem på banen med innspel.
 
Ellers vart det orientert om organisasjons og administrasjonsoppbygging, valkommiteens oppgåver som er ein kvar organisasjons viktigaste organ. Ein valkommiteleiar skal være ein som er oppdatert i miljøet.
 
Til slutt orienterte ho om begrep og tekniske uttrykk i møtesamanheng, samt innkallingsrutinar, headding på rett side, litt opp piffa invitasjonar, innhold i referat og protokoll, rekneskapsoppsett, etc.
 
Til slutt på samlinga takka Halvar og Inger Johanne for ei fin samling og orienterte om at neste års samling vert 3.-4 oktober i Isfjorden.  Magnus slutta av som seg hør og bør med song.  
 
 
 
Referent: 
Johannes Nedrebø
 
For å lese referatet i PDF format, trykk her.