Vi ønskjer hjartelig velkomne til svært aktuell konferanse i Molde! Vi er sikre på at emna som blir tatt opp har stor interesse både for husdyrbrukarar, dei som er interessert i jakt og friluftsliv, og alle som har engasjement opp mot flåttborne sjukdomar på menneske.

Vi vonar de kan distribuere denne invitasjonen til eventuelle fylkeslag og lokallag i dykkar organisasjon, og til folk i dykkar miljø som kan ha interesse for temaet.

Bakgrunn:
Sauebøndene har store tap, og over tid har utviklinga vore negativ. Tapa på beite er somme stadar så høge at næringa er trua. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har arbeidd med desse spørsmåla gjennom fleire år, og det er klart at både flåttborne sjukdomar og alveld er viktige tapsårsaker. Resultata frå den siste forskinga blir lagt fram på møtet.

Blir det meir og meir flått rundt oss – eller er dette innbilling? Skuldast dette i så fall mindre beiting og attgroing? Er hjortestamma for stor, - og kva kan vi eventuelt oppnå ved å felle fleire dyr?.

Flåtten kan føre bakteriar som gir sjukdom på både på dyr og menneske, og pasientar som ikkje får rett hjelp tidsnok kan få langvarig alvorleg sjukdom. Dette opnar viktige spørsmål som konferansen prøvar å belyse. Kan vi kontrollere førekomst av flått i naturen? Kva bør folk flest – og ikkje minst primærhelsetenesta – vite om flåttborne sjukdomar? Kva førehandsreglar bør vi ta for å redusere risiko for å bli smitta av flått?

Konferansen er arrangert av Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, Mattilsynet og Møre og Romsdal jeger- og fiskerforbund.
Tid / stad: Høgskulen i Molde, 30.11.2010 kl 10.00 – 18.00.

Påmelding før 23.11.2010.
Spørsmål om påmeldinga kan rettast til Kjellaug Flusund Finnøy på epost : kjellaug.finnoy@fmmr.no eller telefon 71 25 80 67.

Direkte lenke til elektronisk påmelding finn du her: http://www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=1575&amid=3454447    

Konferanseavgifta er 300 kroner, og dette dekkjer m.a. lunsj. Giro blir sendt ut etter påmelding.

Her finner ein heile invitasjonen i pdf format: